Upsete - Kaldavasshytta er kvista

Kvisting Upsete - Kaldavasshytta, 7.-8. mars.
Kvisting Upsete - Kaldavasshytta, 7.-8. mars. Foto: Sveinung Klyve

Skodda var tett då me gjekk heim att på søndagen, så me fekk verkeleg bruk for kvisten til å finna den beste løypa attende.

7. mars kvista me i hyttetilsynet ruta Upsete - Kaldavasshytta. No er det trygt for dei fleste å gå inn dit, sjølv om vêret ikkje er heilt topp.

Kvista for hand

Det var åtte med andre hjelparar som gjekk inn til Kaldavasshytta denne helga. Me brukte rundt 200 kvist på ruta, som er om lag 6,5 kilometer lang og fylgjer sommarløypa.

Kvistinga føregjekk som vanleg for hand, utan bruk av tekniske hjelpemiddel.

Vêret var fint då me starta, men det tjukna til med vind og snø om kvelden. Om natta og neste morgon var det liten storm og sterkt kuling. Då var det godt me hadde kvista dagen før. 

Korleis komme deg dit?

Turen til hytta tek om lag to timar frå Upsete, og er fin både som dagstur og overnattingstur.  Dei to hyttene har plass til kring tjue personar totalt.

Det er avgrensa med tog som stoggar på Upsete å velja mellom på denne tida av året.  Dei mest brukte toga går klokka 10 frå Voss og returnerer frå Upste kl 15.45.  

Du kan også gå til Kaldavasshytta frå Myrdal.  Ruta denne vegen er ikkje merkt, og du kan ikkje fylgja den bratte sommarløypa.  

Hytteeigar Voss Utferdslag ynskjer deg velkomen opp til fjells!

PS: Det er ikkje matlager på hytta og ikkje mobildekning der.  Då må du litt opp i fjellet eller på «Skreppesteinen» 

Sveinung Klyve

Skrevet av Siri Flatlandsmo 10. mars 2020