Tilsynstur til Nansenbu utsett

Mykje snø ved Nansenbu, 27. februar 2020.
Mykje snø ved Nansenbu, 27. februar 2020. Foto: Per Arne Aadland

Denne helga skulle hyttetilsynet grave fram Nansenbu. Dette blir det ikkje noko av.

Dette er på grunn av avlysingar i samband med koronaviruset. No er alle organiserte turar dei neste to vekene avlyste.

For tida er det metervis med snø på Nansenbu, og det vil nok ta timevis å grave seg inn. Veden ligg også nokre timar med graving unna. På hytta er det for tida lite gass, og sjansen er stor for at det er heilt tomt.

Voss Utferdslag anbefalar ikkje turar til Nansenbu no. Me kjem attende med meir infomasjon når me ser korleis situasjonen utviklar seg.

Men, på den positive sida: Røde Kors kvistar ruta over Gråsida fredag 14. mars.

God helg, og ta vare på kvarandre!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 13. mars 2020