Snø i fjella utset stølsturar

Fleire stader er det framleis mykje snø i fjellet. Slik ser det ut ved Grindaflethytta no.
Fleire stader er det framleis mykje snø i fjellet. Slik ser det ut ved Grindaflethytta no. Foto: Reidar Berge

På grunn av mykje snø i fjellet får me ikkje sett ut alle stølsturkassene denne veka.

Den offisielle starten på Stølsturane 2020 er sundag 21. juni. På grunn av uvanleg store snømengder i fjellet får me ikkje sett ut stølsturkassane til desse stølane ennå:

  • Raudberget og Vola
  • Vetle Grungen
  • Skykkjeset (Dalset er på plass, men turskildringa går om Skykkjeset. Me anbefalar å vente 14 dagar, slik at de kan besøke begge på same tur. PS: Denne turen er merkt med Granvin turlag sine merke i raudt)

Nøyaktig når me får sett dei opp er vanskeleg å seie, men me reknar med at fleire av desse vert sett ut om ei vekes tid. Me oppdaterer nettsidene når dei er på plass.

Interessert i å kjøpe stølsturheftet? Sjå ei liste over kor det er til sals her.

God tur!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 19. juni 2020