Torvedalshytta klar for opning

Torvedalshytta 26.-28. juni 2020.
Torvedalshytta 26.-28. juni 2020. Foto: Oddvar Drevsjø

Hyttetilsynet har no vore på plass og gjort Torvedalshytta klar for opning 1. juli! 

På grunn av smittefare, har hyttene i Voss Utferdslag vore stengde sidan tidleg i vår. No er dei straks klare for opning.

I helga 26.-28. juli tok hyttetilsynet ut brua i Kvitanosdalen. Dette hadde ikkje gått utan åting! Sjå ei oversikt over bruene som er lagt ut her. Stien frå Gullbrå er no flott, men det er mykje vatn i elva med hoppesteinar.

Dei skifta sengklede på alle sengene, vaska, rydda i begge hyttene, dei sette opp skilt som snøen har pressa ut av skiltstolpane. I tillegg installerte dei nytt vindauga i vetlahytta.


Les òg:

Skrevet av Siri Flatlandsmo 29. juni 2020