Foto: Nicolas J. I. Rodriguez

Energistyresmaktene teiknar er no kart for framtidig vindkraftutbygging på land. Store deler av Noreg er av massiv vindkraftutbygging. No oppfordrer ein politikarar til å ta større hensyn til natur og friluftsliv når nye vindkraftverk på land skal planleggast.

NVE har hittil peikapå heile 43 større områder som dei skal arbeide vidare med. Fleire av disse områdene kan bli opna for vindkraftutbygging. Mange av områdene ligg i verdifulle natur- og friluftslivsområder. 

Mange foreningar i Noreg har i fleire år har arbeida med vindkraftutbygging og konsekvensane det får for natur og friluftsliv. Saman med resten av DNT, og over 300 000 medlemmer, vert det sendt ei klart bodskap til lokale og nasjonale styremakter: Verdifulle natur- og friluftslivsområder må ikkje settast av til framtidig vindkraftutbygging på land.

Stryeleder Per Hanasand
Stryeleder Per Hanasand Foto: Marius Dalseg

Me meiner:

- Større energi- og veganlegg i urørt natur og viktige friluftområder, særskilt langs kysten, får store konsekvensar for naturmangfald, landskap og friluftsliv og bør ikkje gjennomførast.

- Det er allereie tildelt stor mengde konsesjonar til landbasert vindkraft. 

- Det eksisterar fornybare alternativ til omfattande vindkraftutbygging på land. Dei mest miljø- og naturvenlege teknologiane må velgast.

- Ein nasjonal landskapsstrategi må utarbeidast. I dag vert Noreg sine landskapsressursar forvalta utan tilstrekkeleg konkrete mål og føringar.

- Det må sikrast ein areal- og ressursbruk som tar omsyn til naturen si tåleevne. 

- Potensialet for auka grad av energieffektivisering, energisparing, energiomstilling og energigjenvinning uten behov for omfattende nye naturinngrep bør vektleggast.

- Metodar og system for verdisetting og ivaretaking av naturen sine goder natur må lagast.

Foto: Andre Marton Pedersen

Me samarbeider med Bergen og Hordaland turlag om saka:

Har du innspel eller spørsmål? Kontakt daglig leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven. Tlf: 98249808. E-post: helene.odven@dnt.no.

Fakta om Vindkraftanlegg

  • Dei største vindturbinane er om lag 200 meter høge, og vil være synleg i ein omkrets på 30 – 50 km.
  • Etablering av vindkraft vil føre til omfattande terrenginngrep og irreversible naturinngrep.
  • Verdifulle naturområder vil gå tapt, med skade på naturmangfaldet og friluftslivet.
  • Vindkraft er arealkrevjande industri i utmark som i tillegg påverkar omgjevnadene med støy.
  • I Noreg har pr dd kun 12 % villmarksprega natur igjen.

Skrevet av Toril Hunnålvatn 5. oktober 2018