Nansenbu - Ei gåve til folket

Foto: Toril Hunnålvatn

Nansenbu – ei gåve til folket!

Voss Utferdslag takkar audmjukt for den fantastiske gåva Paul Christian Rieber har gjeve til folket.

Historia har vist at Gråsida er eit utfordrande område. Plasseringa av hytta i rutenettverket er difor ei kjærkomen sikring for alle vandrar i dette området. Nansenbu er plassert ved den gamle steinhytta, satt opp av Jon Lid i 1917, i Torfinnsdalen. Det er framleis restar her etter stølsdrift på 1800 talet. 


Med ei hytte i dette området er det lagt rette for vitjing i eit vilt og vakkert fjellandskap. Eit landskap som inspirerer til dei djupe tankar- der kjensla av ro og respekt kjem sigande.   


Stova i hytta er eit kjøkenrom henta frå eit over 100 år gamalt hus ved fjorden. Tatt ned, pussa på og satt opp igjen i fjellet. Tømmer og fargar er av gamal tid, og ein møbelsnekker har laga interiør i gamal tradisjon for å gjenskape den rette kjensla. Erfarne og engasjerte dugnadsfolk frå Voss og Kvam, under leiing av prosjektansvarleg Jarle Hjartaaker, syrgjer for at det blir eit heilheitleg resultat.  


Prosjektet vart 29. September 2018 overlevert som gåve til Voss Utferdslag. Og det er med stor glede og respekt meg overtek denne gåva til glede for ålmenta. Som bileta viser er hytta framleis under oppføring. Det gjenstår ein del arbeid før hytta, med alle sine handverksdetaljar vil stå klar, men det er all grunn til å gle seg til det ferdige resultatet.


Namnet Nansenbu var eit naturleg val då det verserer historiar om at Fridjov Nansen har hatt opphald i området. Han skal mellom anna ha delteke på jakt med lokale grunneigarar i området og ha trena til si ferd over Grønland her.


Ei rekkje bidragsytarar og andre støttespelarar har vore med og realisert Paul Christian Rieber sin planar. Gjevarar til prosjektet har ynskje om at staden skal være prega av glede og moro, med Nansen sine eigne ord i minne:


«Vi er alle oppdagelsesreisende i livet, hvilken vei vi så enn følger.»

​​​​​​​

Skrevet av Toril Hunnålvatn 8. oktober 2018