Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

Klart det går!!

Voss Utferdslag, ved "Klart det går" gruppa, har  eit hjelpemiddel for å ta  med rullestolsbrukarar / personar med redusert gangfunksjon ut på tur i skog og fjell. 

Hjelpemiddelet heiter Joulette og gjer at med litt hjelp kan turen på sti / i ulendt terreng. (sjå videolink.) Våre "klart det går" turar er i utgangspunktet tilrettelagt for trillande, men med jouletten kan ein være med på enno meir. 

Me vonar flest mogeleg vil ta hjelpemiddelet i bruk. Instutisjonar, skular, organisasjonar og privat er velkomne til å låne gratis. Kanskje ei bestemor som ikkje klarar gå heile vegen til stølen lenger? Eller ein kompis som på denne måten kunne vore på tur med? 

Ta kontakt med oss dersom du vil vite meir / låne!

Takk til Voss Sparebank for tilskot til dette!


Skrevet av Toril Hunnålvatn 25. juni 2019