Strålande helgevêr i vente

Bli med oss til fjells komande sundag.
Bli med oss til fjells komande sundag.

Det tyder ei finfin helg til fjells! Utfordr deg sjølv på kurs i sportsklatring, eller bli med på sundagstur til Herdabreida.

Hausten er til for å nytast. Sundag pakkar turleiarane Kristi Haugsgjerd og Nancy Nummedal Bolstad sekkane og legg ut på tur til Herdabreida, 1238 moh. Du kan bli med dei!

På ein godvêrsdag er det ei heilt fantastisk utsikt i alle himmelretningar når du er på toppen. Og godvêr skal det bli, ifylgje yr.no: Meteorologane lovar 14 varmegrader og sol på Herdabreida!

Les meir om sundagsturen her.

Voss Utferdslag arrangerer også innføringskurs i sportsklatring fyrstkomande laurdag. Kurset er for alle ove 14 år, og fører til brattkort om ein består. Les meir om kurset her.

PS: Siste frist for påmelding til sportsklatringa er onsdag 18. september. 

God helg frå oss i Voss Utferdslag!

Lyst å lære å klatre? Då er kurset i sportsklatring noko for deg.
Lyst å lære å klatre? Då er kurset i sportsklatring noko for deg.

Skrevet av Toril Hunnålvatn 18. september 2019