Smykkar seg med ny tittel

Foto: Siri Flatlandsmo

Ingbjørg Winjum lar ordførarkjedet ligga i Granvin.  No kan ho smykka seg med tittelen styreleiar i Voss Utferdslag.

Dette blei klart under årsmøtet i Voss Utferdslag 12. desember, då ho offisielt blei applaudert inn i laget. Richard Jacobsen er med dette på veg ut av vervet som styreleiar. Men fortvil ikkje, han blir med i styret ei stund til. 

Me takkar Richard for lang og god innsats som styreleiar, og ynskjer Ingebjørg hjarteleg velkomen.

Ingebjørg Winjum (fødd 7. april 1952) er lokalpolitikar frå Venstre. Ho har vore ordførar i Granvin herad sidan 2011. 

Skrevet av Siri Flatlandsmo 17. desember 2019