Desse rutene blir kvista i vinter

19. februar kvista frivilllige frå Småbrekke til Gullhorgabu.
19. februar kvista frivilllige frå Småbrekke til Gullhorgabu. Foto: Sveinung Klyve

Lurer du på å ta turen til fjells snart? Her er rutene som  blir kvista.

Onsdag kvista fem frivillige frå Småbrekke til Gullhorgabu, for hand, i regi av kvistesjef Per Småbrekke. Dette er ein middels krevande skitur på vel sju kilometer. Les meir om skituren her. Kvistinga startar i skogkanten rett forbi Moastølen og fylgjer traseen til sommarløypa.

7. mars blei ruta Upsete - Kaldavass kvista. Les meir om kvisteturen her.

Røde Kors kvista over Gråsida, frå Torfinnsheim til Hindartveit, den 14. mars.

Øystese Røde Kors Hjelpekorps har kvista vintertraséen Hamlagrøosen – Vending.

Kvistetur over Gråsida utsett

På grunn av alle avlysingane den siste tida, er det ikkje alle vinterrutene som blir kvista. Ruta Ljosanbotn – Grindafletene blir dessverre ikkje kvista.

 Voss Utferdslag avlyser alle aktivitetar til og med 1. mai.

God tur! 

Lurer du på kva du bør ha med deg i vintertursekken? Sjå videoen under:

Skrevet av Siri Flatlandsmo 11. mars 2020