Voss Utferdslag avlyser turar

Bergsbukken 23. februar 2020.
Bergsbukken 23. februar 2020. Foto: Audun Hellevang

Me avlyser alle turar to veker fram i tid, i fyrste omgang.

Dette er til og med onsdag 26. mars. Målet er å hindre meir spreiing enn naudsynt av koronaviruset COVID-19. Bergen og Hordaland Turlag avlyser alle møte, turar og arrangement fram til og med 13. april (2. påskedag).

Avlysingane er i tråd med at Helsedirektoratet no innfører forbod mot mellom anna idrettsarrangement, både innandørs og utandørs (nrk.no).

Voss Utferdslag avlyser altså alle til og med onsdag 26. mars. Turane dette gjeld, er:

  • 14.-16. mars: Hyttetur til Mjølfjell
  • 15. mars: Vårskitur til Nansenbu
  • 18. mars: Seniortur, Bulko til Olavstøl
  • 22. mars: Sundagstur, Målset til Stalheim
  • 25. mars: Seniortur, Nore Hamlagrø til Lonane

Me kjem attende med meir informasjon når Helsedirektoratet melder at det er forsvarleg å fortsetje med turar.

Rådar folk til å halde avstand

Koronaviruset smittar gjennom dråpesmitte.

– Hald minst éin meters avstand til både friske personar og dei som hostar eller nys, når det er mogleg, skriv Folkehelseinstituttet på sine nettsider

Les meir om viruset på Helsenorge sine nettsider, eller sjå informasjonsvideoen retta mot born og unge under:

Skrevet av Siri Flatlandsmo 12. mars 2020