Avlyser all aktivitet til 1. mai

Bergsbukken 23. februar 2020.
Bergsbukken 23. februar 2020. Foto: Audun Hellevang

Voss Utferdslag vil bidra til å avgrense smitte og verne om dei svakaste. Derfor avlyser me all aktivitet fram til 1. mai. 

I praksis vil dette seie at alle turar, møte og arrangement er avlyste dei neste seks vekene. Alle som er turleiarar i denne perioden har blitt eller vil bli kontakta direkte.

Tidlegare bestemte me å avlyse alt fram til 26. mars. Me følgjer Den Norske Turistforening (DNT), og no er det fram til den 1. mai som gjeld.

DNT-hytter til naudtilfelle

Me anbefalar heller ikkje om å nytta hyttene våre den næraste tida. Forholda i vinterfjellet kan vere krevende, og romslaga kan komme brått. Hyttene våre står der som ein tryggleim for de som alt er på tur og som treng ly.

Me vil ikkje kvista til Grindaflethytta denne vinteren. Du kan fylgje med på kva ruter som er og blir kvista her på nettsida.

Nærtur er bra tur

Me oppmordar folk om å ikkje legge ut på langtur no. Skal du likevel på langtur, hugs å planlegg godt. Dette er ikkje tida for å pålegge redningstenesta ytterlegare belastning.

Men, me er heldige som bur i eit land som Norge. Me har naturen rundt oss, og den er døgnopen. Naturen roar ned både kropp og hovud, noko dei aller fleste har godt av no.

Ta middagen med deg ut i hagen eller i skogen. Tenn bål, lag pinnebrød, bu ei natt i hengekøye, eller gå en sti du aldri tidlegere har gått.  

4 råd til deg som skal ut på tur i nærmiljøet

  • Kjenn på eigen form før du legg ut på tur. Er du ikkje i slag, bli heime slik at du unngår å eventuelt smitte andre. 
  • God handhygiene. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Bruk alkoholbasert handdesinfeksjon, t.d. Antibac, viss handvask ikkje er mogleg. 
  • God hostehygiene. Host i papirtørkle. Kast dette  straks etter bruk, etterfulgt av handvask. Host/nys i albogekroken viss du ikke har papirtørkle tilgjengelig.
  • Hald avstand (minst 1 meter) til andre personar.

Me vil elles minne om å følge Fjellvettreglane når du skal ut på tur.

Stengt dør til kontoret

Sidan Haalandshuset for det meste er stengt no, held me også kontordøra stengd. Dagleg leiar opnar døra mellom klokka 11 og 15.30 på kvardagar, om du ringer 948 39 239. Me er også tilgjengelege på voss.utferdslag@dnt.no.

Me fortsetjer arbeidet

For å ha eit godt tilbod når dette er over, treng me meir enn nokon gong at alle som har glede av DNT sitt tilbod vidarefører sitt medlemskap. Til deg som har hjarte for naturen, og som ikkje er medlem: Medlemskapet ditt utgjer ein stor skilnad og bideg til at me kan fortsetje drifta vår.

DNT-foreningane vil saman byggje vidare på vår 152 år lange historie og fortsetje med å tilrettelegge norsk natur for alle.

Skrevet av Siri Flatlandsmo 17. mars 2020