Me skal vere klare for å ta med Noreg på tur!

Generalsekretær Dag Terje Solvang og styreleder Per Hanasand.
Generalsekretær Dag Terje Solvang og styreleder Per Hanasand. Foto: Marius Dalseg Sætre

Når kvardagen er attende skal DNT-familien over hele landet vere klar for å ta med Noreg ut.

Av Per Hanasand, styreleiar i Den Norske Turistforening og Dag Terje K. Solvang, generalsekretær i Den Norske Turistforening

Korona-krisa sett oss alle på store prøvar. For oss i Den Norske Turistforening er dette mellom dei mest alvorlege situasjonane me har stått i sidan foreningen blei stifta for 152 år sidan. Vår første prioritet no er å bidra for fullt i arbeidet med å avgrense smitte. Det finst ingen viktigare og mer meiningsfull dugnad enn det. Derfor har me avlyst alle våre turar, kurs og arrangement, i første omgang fram til 1. mai. Me har stengt ned hyttene våre, og oppfordrar alle til å halde seg heime og legge turane til nærområdet.

Korona-krisa rammar DNT ulikt. Nokre av våre 57 medlemsforeningar vil tåle ein lengre pause i aktivitetene betre enn andre. For DNT Oslo og omegn er situasjonen akutt. Lokalforeningen vår i Oslo er den største i DNT-familien, og eig halvparten av dei 44 betjente hyttene våre. No er dei viktigaste inntektskjeldene borte. Det er dramatisk, både for DNT Oslo og omegn og for heile organisasjonen. Me jobbar iherdig med å finne løysingar internt i DNT som kan hjelpe situasjonen.

Fram til me kan ta opp att alle aktivitetene våre, ønskjer me å bidra til at endå fleire går på tur i nærmiljøet sitt. Fridomen ein kan oppleve i naturen blir endå viktigere i ein periode kor me alle skal leve med avgrensingar. Me oppmodar alle om å bruke oss i DNT og vår digitale turportal UT.no til å finne nærturane sine. Når me no ikkje kan reise langt for å leve friluftslivet, kan me oppdage nye turperler der me bur. Det vil òg bidra til å spreie trafikken i skog, mark og fjell, og dermed avgrense smittefaren.

Me vil òg ta initiativ til eit samarbeid med myndigheitene om korleis me no kan legge til rette for turopplevingar og frisk luft for alle. Det er avgjerande at den nære naturen no opplevest som trygg for alle. 

Det er ei tid for alt. Sjølv i ein periode kor alvoret er stort og bekymringene er mange, skal me hugse at det kjem ei tid etter dette. Me skal attende til dei sosiale fellesskapa og til aktivitetene som gjev livet innhold. Og målet vårt er at DNT-familien skal vere klar for å ta med Noreg på tur når kvardagen er attende.

Me opplever at mange som er glade i DNT no tek kontakt for å spørje korleis dei kan hjelpe. Det set me enormt pris på. Vår oppfordring er heilt klar: Bli medlem! Det aller viktigaste for DNT og andre frivillige organisasjoner er at gamle og nye medlemmer fortset å støtte opp om arbeidet vårt. Då skal me stå klare til å gje naturopplevingar for livet på den andre sida av denne krisa!          

Skrevet av Siri Flatlandsmo 24. mars 2020