Fryktar konsekvensar etter skroting av nasjonal ramme for vindkraft

Vindkraftbefaring i Egersund Vindkraftverk.
Vindkraftbefaring i Egersund Vindkraftverk. Foto: Marius Dalseg Sætre

– Me er redde for at dette betyr at alle desse områda er fritt fram att, seier Synnøve Kvamme frå Naturvernforbundet Hordaland.

Dette seier ho i ein filmsnutt laga av Naturvernforbundet, i samarbeid med Den norske turistforening, Norsk Ornitologisk Forening, Forum for natur of friluftsliv og Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Dette er den fyrste av fire slike filmar, som blir publiserte i løpet av året.

No er organisasjonane som står bak filmen uroa for at områda som blei peikt ut som eigna for vindkraft, lettare kan bli bygd ut for vindkraftanlegg seinare. Området frå Gråsida til Grønahorgi i nord og like til fjella over Kvanndal, Ålvik og Fyksesyndet i sør, kom ikkje med mellom dei 13 best eigna i rammeplanen. Men NVE vurderte det til «å være veldig godt egnet for ny produksjon.»

Me kjempar vidare. Forsvinn naturen – forsvinn me.

Førre haust skrinla regjeringa nasjonal ramme for vindkaft. – Me er redde for at dette betyr at alle desse områda er...

Publisert av Voss Utferdslag Tirsdag 7. april 2020

Skrevet av Siri Flatlandsmo 7. april 2020