Slik er koronavettreglane i friluftslivet

Haukeliseter. Mars 2020.
Haukeliseter. Mars 2020. Foto: Marius Dalseg Sætre

Lurer du på korleis du skal forhalde deg til smittefaren i påska? Her kjem nokre tips frå oss i DNT.

For mange er påske synonymt med friluftsliv. Saman med Miljødirektoratet, Helsedirektoratet og friluftsorganisasjonar, gjev DNT deg nokre råd for ein god og trygg påsketur.

  1. Vel turar i nærmiljøet ditt! Bruk fantasien og utforsk nye turmoglegheiter der ikkje alle andre går.
  2. Du treng ikkje gå åleine – få med deg resten av husstanden på tur!
  3. Rast med god plass. Ta med mat, drikke og handsprit, og kos deg på tur.
  4. Ta vare på naturen vår, me treng han. Respekter dyre -og planteliv, og ta med deg søppel heim.
  5. Ver obs på brannfare! Fleire stedar i landet er det veldig tørt og bålforbod.
  6. Bruk kart og kompass når du går utanfor merkte stiar og løyper. Det finst òg mange gode appar og turportalar som kan hjelpe deg på veg.
  7. Snu i tide, og vel aktivitetar med låg risiko. Saman kan me unngå å belaste rednings- og helsetenestar.
  8. Smil! Hald avstand til andre, men hels og smil gjerne til de du møter på din veg.
  9. Hald deg oppdatert på råd og reglar frå helsemyndigheitene.

Denne artikkelen byggjer på ein tekst av Mari Stephansen.

Les òg:

Koronavettreglar.
Koronavettreglar.

Voss herad har også råd for desse koronatider. Les dei under:

Her er Voss herad sine råd for å hindra smittespreiing.
Her er Voss herad sine råd for å hindra smittespreiing. Foto: Voss herad

Skrevet av Siri Flatlandsmo 7. april 2020