Hyttene forblir stengde

Kvisting over Gråsida, med avstikkar til Nansenbu.
Kvisting over Gråsida, med avstikkar til Nansenbu. Foto: Geir Henrik Styve

Styret i Voss Utferdslag har vedteke at alle hyttene våre skal vere stengde til 1. juli.

Nyleg har DNT kome fram til ein smitteverninstruks for hyttedrift. Fleire lokallag byrjar så smått opning av sine hytter frå mai.

For Voss Utferdslag blir det vanskeleg å følgje denne instruksen utan at det vil innebere for mykje arbeid for dei frivillige i hyttetilsyna. Derfor har styret bestemt at hyttene held stengd to månader til.

Vårdugnadar og vedlikehald på hyttene kan gjennomførast som planlagt, om dette er mogleg å gjere på ein trygg måte.

4. juni vil styret ta ei ny vurdering av situasjonen.

Les òg:

Skrevet av Siri Flatlandsmo 30. april 2020