No startar turane opp att!

Bergsbukken 23. februar 2020.
Bergsbukken 23. februar 2020. Foto: Audun Hellevang

Kom mai, du skjønne milde! Frå 1. mai startar me opp att med delar av aktivitetstilbodet. 

Styret i Voss Utferdslag har denne veka vedteke at Seniorturane, DNT Ung, Fjellsportgruppa og Borna sitt turlag startar opp at med sine aktivitetar frå mai.

  • Seniorturane, DNT Ung, Fjellsportgruppa og Borna sitt turlag startar opp med turar frå 1. mai
  • Sundagsturane er attende for fullt frå 1. august.
  • Klart det går - friluftsliv for alle ventar med sin oppstart. 

Smitteverninstruksar er klare

DNT har den siste tida jobba fram ein smittervernplan basert på retningsliner frå myndigheitene. Les kva dette har å seie for rutinane på turane til Voss Utferdslag her.

Men hyttene forblir stengde til 1. juli. Dette er fordi smitteverninstruksane blir for krevjande å følgje opp på ein trygg måte. 

Velkomne på tur!


Skrevet av Siri Flatlandsmo 30. april 2020