Stølsturane utsett til 21. juni

Ein av stølsturane i år går hit.
Ein av stølsturane i år går hit. Foto: Oddvar Drevsjø

Ja, det blir stølsturar i år også!

På grunn av mykje snø i fjella, har Voss Utferdslag bestemt å utsette stølsturane ei lita stund i år. Ny oppstartstdato er 21. juni. Me satsar på å ha stølsturhefta til sals i butikkar ei vekes tid før dette.

Stølsturane 2020 vil gå som vanleg, med holtenger og stølsturbøker. Men på grunn av Covid-19 oppmodar me dykk om å ta med eigen penn og la éin person i gruppa skrive dykk inn i bøkene og klyppe hol i sistesida av heftene.

Me gler oss til å komme i gang!