No opnar hyttene!

Grindaflethytta er staks klar for opning.
Grindaflethytta er staks klar for opning. Foto: Reidar Berge

Men hugs: I sommar må du tinga plass på hyttene på førehand.

Dei fleste av Voss Utferdslag sine hytter opna 1. juli. Dei som er no opne  er  Kaldavasshytta, Rosethytta, Torvedalshytta, Volahytta, Tvinnestølen og Torfinnsheim.

Desse hyttene er framleis stengde:

Sjå ei oversikt over kva bruer som er sette ut her.

Booking for å hindre smitte

I tida frametter er hyttene berre opne for dei som tingar senger på førehand. Dette er for å avgrense koronasmitte, og for å kunne spore smitten i etterkant, om dette skulle vere naudsynt. Me ber om at de ikkje drar til hyttene om de har symptom som liknar på korona. 

Den siste tida har Voss Utferdslag jobba med å få på plass eit nytt system for å tinga hytter. På nettsida om hyttene våre kan du trykkje deg vidare og tinge plass på den hytta du ynskjer.

 Håpar de får mange gode turar i fjellet og på hyttene våre i sommar.

God tur!


Les òg: