No kan du ha Tvinnestølen for deg sjølv

No kan du ha denne hytta for deg sjølv, saman med ditt reisefølgje.
No kan du ha denne hytta for deg sjølv, saman med ditt reisefølgje. Foto: Arvid Rykke

No kan du og turfølgjet ditt nyta nokre av hyttene heilt åleine.

På grunn av restriksjonar på hyttene i samband med korona, er alle no nøydde å tinga plass på hyttene på førehand. Det er også færre tilgjengelege senger enn vanleg. Dette har fordelar for deg som er glad i å ha fjellet for deg sjølv!

Om du er tre personar eller meir i eitt og samme følgje, kan du no ha Tvinnestølen i fred og ro. På Rosethytta er det no berre mogleg å tinga heile hytta, for samme pris som to vaksne medlemmer. Er du ein større gjeng kan du også tinga dei andre hyttene.

Hugs: Sjølv om sengene må tingast på førehand, er hyttene alltid opne for andre i naudsfall. 

Sjå ei oversikt over alle hyttene våre (med lenke til hyttebooking) her.

Men, me synest jo det også er veldig triveleg med selskap på hyttene. Sjåast i fjellet!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 16. juli 2020