Siste dag for rabatt på Vossamarsjen

Foto: Audun Hellevang

Til og med tysdag får du rabatt når du melder deg på Vossamarsjen.

Laurdag går startsskotet for den årlege turmarsjen over Gråsida. For å overhalda gjeldande koronarestriksjonar, er det i år ikkje plass til meir enn 200 deltakarar. Derfor anbefalar me at du sikrar deg ein billett på førehand.

Fram til og med tysdag kostar turen 300,- for DNT-medlemmer og 325,- for ikkje-medlemmer. Inkludert i dette er transport til Hodnaberg og frå Gjelle, t-skjorte og varm mat ved målgang på Gjelle.

Transport:

Buss frå Holbergsplassen til Hodnaberg: Første kl. 07.3o og andre rundt 08.45
Buss frå Gjelle til Holbergsplassen: Mellom 15 og 19

Skrevet av Siri Flatlandsmo 17. august 2020