Vossamarsjen 2020 er avlyst

Foto: Audun Hellevang

Voss Utferdslag har bestemt seg for at det ikkje er forsvarleg å arrangere Vossamarsjen i år.

Den årlege turmarsjen over Gråsida skulle eigentleg gått av stabelen laurdag. Fredag føremiddag viser vêrmelinga til yr.no vindar opp i 23 m/s på Gråsida laurdag. I tillegg skal det kome ein del regn. Sidan store delar av denne turen går over eit utsett høgfjellsområde, har Voss Utferdslag bestemt seg for at det ikkje vil vere forsvarleg å gjennomføre arrangementet i år.

Voss Utferdslag takkar for interessa for Vossamarsjen 2020, og er no i gang med å kontakte dei påmelde. 

Me håpar du blir med neste år! Følg med på Facebook for meir info om Vossamarsjen 2021 her.


Spørsmål?
Kontakt Voss Utferdslag på 948 39 239, eller send oss ein e-post på voss.utferdslag@dnt.no

Skrevet av Siri Flatlandsmo 21. august 2020