Kom deg ut-dagen blir digital!

Friluftsskolen på Hallagerbakken skogen.
Friluftsskolen på Hallagerbakken skogen. Foto: Marius Dalseg Sætre

Men ut skal me, og konkurransar blir det.

På grunn av Covid-19 og smittefare har Borna sitt turlag og Voss Utferdslag bestemt seg for å ikkje samle mange menneske på samme plass, slik som me til vanleg gjer på Kom deg ut-dagane. 

Men me har lyst at du skal komme deg ut likevel! Derfor har me laga fleire konkurransar born kan vere med på. På denne måten vil me gjera det ekstra spennande for din familie å komma seg ut på ein trygg måte.

1: Turbingo

Turbingoen til Turbo finn du her.  Skriv han ut, eller last han ned til telefonen din. 

  1. Finn flest mogleg eller eit bestemt antall av tinga som er teikna eller skrive på arke

  2. Set kryss for kvar ting du finn

  3. Den som finn riktig antall ting først, eller kan krysse av flest funn først, er bingovinnar!
  • For litt større born er det fint med eit rutenett (som på biletet under), der oppgava er å finne alle tinga på ei vald rad for å få BINGO!

Viss de leverer bingobrettet inn, er de med i trekkinga av nokre premiar til dei små. Legg ved namn  på borna.
De kan levera denne inn anten på voss.utferdslag@dnt.no, eller i den kvite postkassa vår utanfor Tre Brør Kafé.


Turbingo!
Turbingo! Foto: DNT

2: Gjett kor Turbo har vore!

Turbo har vore på vandring! Bileta under er teke på tre ulike stader. Greier de å sjå kor Turbo har vore? 

Send svara dine til oss på voss.utferdslag@dnt.no, og ver med i trekkinga av premiar.

3: Fotokonkurranse

Ta bilete av alt det kjekke du finn på denne dagen! Du kan bli med i trekkinga av premiar på to måtar:

  1. Legg biletet ditt ut på Instagram, tagg @vossutferdslag og skriv #komdegutvoss under

  2. Send biletet ditt på e-post til voss.utferdslag@dnt.no

Me trekkjer premiar av dei innsendte bidraga.

Tips til andre aktivitetar for born (i alle aldrar):


Ha ein nydeleg Kom deg ut-dag!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 1. september 2020