Dugnadshelg på Kaldavass

Dugnad på Kaldavasshytta, 18.-20. september 2020.
Dugnad på Kaldavasshytta, 18.-20. september 2020. Foto: Jostein Minde

Etter at helikopterturen blei utsett fleire gonger, kom helikopteret fram laurdag ettermiddag.

Dugnaden skulle eigentleg starta alt fredagen ei veke før, men vart utsett på grunn av dårleg vêr.

Til saman vart det tre helikopterturar: 1 med personlast og 2 med gods; 62 sekkar ved, 3 gassflasker, 2 brannslukningsapparat, beis, plastkassar, proviant med meir. 

Ny ladestasjon, fiskestang og nypussa kjøkkenbenk

Det er no montert ladestasjon for USB-kopling ved bilbatteriet i nyehytta. På hytta er det no ei fiskestong med sluk som er tenkt utlånt gratis når tilsynet er på plass, til barn under 16 år. Benkeplata på kjøkken i nyehytta er pussa og sett inn med hardvoksolje.

Sengklede og mange ullpledd er skifta. 


Ein stor takk til hyttetilsynet på Kaldavasshytta!


Skrevet av Siri Flatlandsmo 21. september 2020