Fire nye turleiarar er utdanna!

VED TIMAGLASET: Matteo Bolzoni, Mildrid Sandvik,  Trude Fosse, Berit Reppen Lorentzen, Siri Flatlandsmo og Martine Ravin Søstrand.
VED TIMAGLASET: Matteo Bolzoni, Mildrid Sandvik, Trude Fosse, Berit Reppen Lorentzen, Siri Flatlandsmo og Martine Ravin Søstrand. Foto: Privat

I helga fekk Voss Utferdslag og DNT Fjellsport Voss heile fire nye turleiarar!

26.-27. september drog ein gjeng på fire komande turleiarar, ein instruktør og éin turdeltakar opp til Torfinnsheim. Dei fire kursdeltakarane utgjer heile styret av DNT Fjellsport Voss.

Etter to dagar med vandring, kartlesing, turplanlegging, orientering og oppgåveløysing, kom gjengen fram til Gjelle. 

Nye turleiarar: Matteo Bolzoni, Trude Fosse, Martine Ravin Søstrand og Siri Flatlandsmo.

Tusen takk til kursleiar Berit Reppen Lorentzen frå Bergen og Hordaland Turlag. Og gratulera til dei ferske turleiarane!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 28. september 2020