Dette arrangerer me i haust

Veitastrond
Veitastrond Foto: Astrid Stallemo, DNTs fotokonkurranse

Førre veke la regjeringa fram nye smittervernreglar. I Voss Utferdslag arrangrer me dei fleste planlagde aktivitetane i haust, men med avgrensa kapasitet.

Regjeringa oppfordrar no alle til å ha minst mogleg sosial kontakt med andre, som eit ledd i smittevernarbeidet mot Covid-19. Dei nye retningslinjene kan du lese i regjeringa si pressemelding her.

Av omsyn til smittevern vel me å utsetje refleksturen til Borna sitt turlag på ubestemt tid. Me vel likevel å gjennomføre nokre av dei andre arrangementa. Me held oss under 50 personar på innandørs arrangement. Hugs å melde deg på arrangementa.


Dette er aktivitetane me arrangerer før jol:

Me tek førebehald om at denne lista raskt kan endre seg om det kjem nye retningslinjer for smittevern. 

Voss Utferdslag minner om å halde avstand på arrangementa, og å ikkje møte opp om du har symptom som kan ligne på Covid-19. 

Hugs: Naturen er open for alle. Nyt hausten!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 9. november 2020