No får du heile hyttene våre for deg sjølv

Mykje snø ved Nansenbu, 27. februar 2020.
Foto: Per Arne Aadland
For å hindra spreiing av Covid-19, er det ikkje lenger mogleg å tinga berre éi seng på hyttene.
I staden må du og eventuelle andre du er på tur med, tinga heile hytta.
Prisen for dette er 1200,- for DNT-,medlemmar og 2000,- for ikkje-medlemmar.
På denne måten ynskjer me at alle skal få på ein trygg tur på våre hytter. Denne ordninga gjeld førebels til 28. februar.
På same måte som tidlegare kan du tinga hyttene på nett. Trykk på bestill overnatting på nettsidene under:
- Grindaflethytta (ut.no)
- Kaldavasshytta (ut.no)
- Torvedalshytta (ut.no)
- Nansenbu (ut.no)
- Tvinnestølen (ut.no)
- Volahytta (ut.no)
- Torfinnsheim (ut.no)