Opprop til skifolket!

Vis omsyn til sårbar villrein i fjellområda rundt Jordalen.

Tekst: Visit Voss og Nærøyfjoden verneområdestyre

Dei siste åra har det vore ein eksplosiv vekst i tal toppturturistar som strøymer til Jordalen og fjella rundt Nærøydalen.

Visit Voss ynskjer å bidra til spreie kunnskap til turfolket om den sårbare villreinstamma som held til i området. Difor har me innleia eit samarbeid med Nærøyfjorden verneområdestyre om å få ut betre informasjon om korleis me som skientusiastar skal oppføre oss i villreinen sitt rike.

Verneområdestyret og Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell har kome med fylgjande innspel:
Fjellområda rundt Jordalen er viktige leveområde for villreinen heile året, og spesielt viktig beiteområde på ettervinter og vår. Dette er ei særleg sårbartid for villreinen, og han brukar store område og flyttar seg fort mellom beiteområde. Lav på fjellryggane rundt Jordalen er gode beite for villrein.

I mars/april når simlene (hodyra) er byrja å bli kalvingstunge, er det særleg viktig at dyra ikkje vert skremt vekk frå beiteområda. Om dei stadig blir skremt av folk på ski, brukar dei masse energi på å flykte og får mindre tid til å beite. Heile området rundt Jordalen er villreinområde. Alternative turar utanfor Jordalen bør vurderast i denne tida.

Om du skal på tur i Jordalen må du vera særleg oppmerksam på villreinen i dette området, og følgje desse råda:
• Gå ikkje inn på dyra, men trekk vekk. Har du med kikkert på tur kan du studera villreinen på god avstand, over 500 meter frå dyra.
• Vel ruta vidare slik at vinddraget står frå dyra og mot deg, då er faren for at dyra vert skremde mykje mindre.
• Dersom du høyrer om at villreinen er i området du har planlagt tur, bør du velja eit anna turmål.


“Tek vi omsyn til villreinen, og tilpassar oss villreinen sin bruk av området når vi ferdast i naturen, kan det framleis vera plass til både villrein og skientusiastar”. Me ber også om at alle besøkande viser omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker slik at du hindrar dei lokale i å komme forbi med traktor og andre store maskiner. Bruk tilrettelagde parkeringsplassar.


Helsing Visit Voss og Nærøyfjorden verneområdestyre


Kontaktinformasjon Visit Voss:
Benedicte Watvedt Skaug, prosjektleiar berekraftig reisemål, benedicte@visitvoss.no, tlf 41 60 27 36

Kontaktinformasjon Nærøyfjorden Verneområdestyre:
​​​​​​​
Jorunn Vallestad, verneområdeforvaltar, joval@statsforvalteren.no

Skrevet av Siri Flatlandsmo 30. mars 2021