Gladnyheit frå Voss Fiber

Sundagstur i Bergsdalsfjella, Nore Hamlagrø 7. mars.
Sundagstur i Bergsdalsfjella, Nore Hamlagrø 7. mars. Foto: Audun Hellevang

No har du sjansen til å støtta Voss Utferdslag gjennom Voss Fiber!

Voss Utferdslag vil gjere naturen tilgjengeleg for alle. Dette gjer me i håp om at fleire vil kjenna på kor viktig naturen er, og derfor også ta vare på han.

Voss Fiber vil gje tilskot på 300 kroner til det lokale laget/organisasjonen du ynskjer. Alle fastbuande kundar hjå Voss Fiber kan no røysta, og ein står fritt til å velje mellom over 50 forskjellige organisasjonar. Les meir om ordninga her.

Lurer du på kva Voss Utferdslag driv med? Me er ein frivillig organisasjon under Den norske turistforening (DNT) og arrangerer aktivitetar for heile familien. Med Voss Utferdslag er også hyttedraumen mogleg - kanskje på ei ny hytte kvar gong! Finn di favoritthytte her.

Gå til https://miside.vossfiber.no/ for å gje di støtte.

Tusen takk - dette betyr mykje for oss! 

Skrevet av Siri Flatlandsmo 6. april 2021