Tinging av heile hytter til juni

Grindaflethytta
Grindaflethytta Foto: Reidar Berge

No har me opna for tinging av hytter resten av året. Fram til 15. juni må du framleis tinge ei heil hytte.

Dette er for å sikre eit godt smittevern også i tida framover. Dette tyder at du framleis kan sikre ei heil hytte til berre deg sjølv og din kohort.

Etter 15. juni går me attende til tinging av enkeltsenger, slik det har vore tidlegare. Alle må framleis tinge plass på førehand og det vil vere halv kapasitet på hyttene.

Med tid og stunder vil me gå attende til at du ikkje må tinge plass på førehand, men når dette vil skje kan me ikkje seie sikkert. Det kjem an på smittesituasjonen utover sommar og haust.

Det er framleis bra skiføre i fjellet! Finn di favoritthytte her.

Voss Utferdslag ønskjer deg ein flott fjellvår!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 26. april 2021