Tvinnestølen stengjer i sommar

Her blir det byggeaktivitet i sommar.
Her blir det byggeaktivitet i sommar. Foto: Per Arne Aadland

Då skal me nemleg byggje ny sikringshytte!

Frå 1. juni til 31. august stengjer me hytta, slik at det kan arbeidast i fred og ro.

Les meir om Tvinnestølen her. Og sjå ei oversikt over dei andre hyttene våre her. Alle dei andre er opne, så her er det gode moglegheiter for ein skikkeleg fjellsommar.

Etter planen opnar den nye hytta til hausten. Me gler oss!