Stølsturane startar 7. juni

Stølsturkasse på Vola i 2020.
Stølsturkasse på Vola i 2020. Foto: Sverre Kvitne

No er det ikkje lenge til eitt av høgdepunkta denne sommaren - Stølsturane 2021!

Stølsturhefta er no i gode hender hjå trykkeriet. Me reknar med å setje ut dei fleste turbokkassane i veka som kjem. I løpet av neste veke håpar me også å ha brosjyrane for sal på fleire av butikkane på Voss.

Sjåast til støls frå 7. juni!