Stølsturhefta er no til sals

Ein av turane er til Haugane og Kvanndalstølen.
Ein av turane er til Haugane og Kvanndalstølen. Foto: Kjersti Vik

No er stølsturhefta på plass i butikkane!

Her kan du få tak i stølsturhefta:

  • Sport 1 (Amfi)
  • Skandinavisk høgfjellsutstyr
  • Endeve Sport
  • Turistinformasjonen (Visit Voss) Tek Vipps-, kort- og kontantbetaling
  • Dyrdal (Haugamoen). Tek både Vipps- og kontantbetaling
  • Evanger Landhandleri
  • Joker (Vinje)
  • Coop (Granvin)
  • Joker (Granvin)

Stølsturhefte kostar kr 100,- og de kan betala med Vipps. Dyrdal i Haugamoen tek òg imot kontantbetaling. Turistinformasjonen tek Vipps-, kort- og kontantbetaling.

Turbok-kassane blir hengande på stølane til 17. oktober. Alle som leverer inn baksida av stølsturheftet er med i trekkingar av fine premiar.

​​​​​​​Informasjon om Rapp og Njuken
Grunna utfordringar med plassering av kassa på Njuken, er denne teke ned. Bok og klyppetang på Rapp gjeld for begge turmåla. Du kan gjerne gå vidare til Njuken, men det er ikkje godt merka utover. 

Informasjon om Grostølen og Bettene

  • Parkeringsplassen ligg på omlag 630 moh, ikkje 370 moh som er skildra i stølsturheftet. 
  • I stølsturheftet er det skildra at må gå attende frå Grostølen til parkeringsplassen for å gå til Bettene - dette stemmer ikkje. Fylg felles merking til Håtjørn. Herfrå kan du velgja kva støl du vil gå til fyrst og så er det merka vidare til neste støl. Då vil du få ein fin rundtur. 

God tur!