Sikringshytta nesten ferdig utvendig

Bygging av ny sikringshytte på Tvinnestølen.
Bygging av ny sikringshytte på Tvinnestølen. Foto: Audun Hellevang

I helga måla ein god dugnadsgjeng hytta ferdig.

I sommar er det ei ny sikringshytte under oppføring på Tvinnestølen. Det har vore nokre travle månadar for dei frivillige som arbeider med hytta i samarbeid med entrepenør Bjørn Vike. I helga var det nok ein gong dugnad på staden. Dei frivillige fullførte utvendig måling av nyehytta og nesten heile selet. 

Det som står att av arbeid no er mellom anna glas og dørar og innvendig paneling.

Den minste hytta (gamlehytta) på Tvinnestølen er no open att for overnattingar dei neste vekene. Me har framleis halv kapasitet på hyttene på grunn av Covid-19. Du kan tinge ei seng eller to på Tvinnestølen her.

Me vil rette ein stor takk til alle frivillige som har bidrege i arbeidet på Tvinenstølen så langt!


Skrevet av Siri Flatlandsmo 27. juli 2021