No er den nye hytta open!

Styreleiar Ingebjørg Winjum klypper snora, med god hjelp av Arvid Rykke.
Styreleiar Ingebjørg Winjum klypper snora, med god hjelp av Arvid Rykke. Foto: Audun Hellevang

Her klypper styreleiar Ingebjørg Winjum snora og erklærer hytta på Tvinnestølen for opna.

Etter ein lang, men effektiv sommar er hytta endeleg ferdig. Sundag 3. oktober blei den opna offisielt, med sundagstur i ordentleg haustvêr frå Voladammen til Afdal og offisiell opning på hytta.

Nokon av dei mest ihuga frivillige hadde vore på hytta heilt frå fredagen for å legge siste hand på verket. Laurdag var det opningsfest med frivillige, grunneigarar og  spesielt inviterte frå Bergen og Hordaland turlag. Sundag kom ein blaut, men blid gjeng gåande frå Voladammen. Dei varma seg i hytta medan styreleiar Ingebjørg Winjum sa nokre velvalde ord, før alle gjekk vidare ned til Afdal.

Det var eit ordentleg drittvêr denne opningshelga, men det sette ikkje nokon brems på denne gjengen!

Tusen takk for ei nydeleg helg!


Sjå bilete frå opningshelga under:

Skrevet av Siri Flatlandsmo 5. oktober 2021