I morgon er det grøn fredag!

Har du eit par litt for store fjellsko eller ei allvêrsjakke du ikkje bruker lenger?

Då er Grøn Fredag for deg! Dagen er også for deg som manglar turutstyr eller klede, og som har lyst å kjøpe dette brukt.

Kl. 16.30 fredag opnar me loppemarknad på Voss kulturhus. Dette er ein del av eit større arrangement denne kvelden. På huset vil det vere filmvising, kafé og utstillingsopning.

Slik fungerer loppemarknaden: 

Du kan levere klede og utstyr på kontoret til Voss Utferdslag i dag, torsdag kl. 11-15 og 17-20, eller fredag kl. 11-15.30. Om du vil kan du også ta med deg det du vil selje til kulturhuset kl. 16 på fredag. Loppemarknaden opnar kl. 16.30.

Du kan legge ved ein lapp med Vipps-nr. og ein pris på, eller du kan vere tilstades og selje gjenstanden sjølv. Kanskje finn du også nokon som vil byte med deg?

Velkomen på skattejakt! 

Skrevet av Siri Flatlandsmo 25. november 2021