Opptur

God stemning!
God stemning! Foto: Margrethe Alm

Onsdag 8. juni arrangerte me "Opptur" for alle 8.-klassingane i Voss herad. 

Det er tolvte gongen Voss Utferdslag har ansvar for dette arrangementet. Føremålet er sosialt samvær, naturoppleving og fysisk aktivitet. 

Som vanleg gjekk turen til gamle Hangursrestauranten og nedatt om Raugstad. Me hadde oppmøte på Torget og gjekk i samla flokk til Mølstertunet. Ein liten pust i bakken og energipåfyll før den store styrkeprøven opp Hangurslia starta. Frå Skjor og opp til toppen fekk ungdommane gå i sitt eige tempo. Nokon sprang opp, andre tok livet litt meir med ro. 

Ved Hangursrestauranten hadde me matpause og alle elevane fekk ei "Opptur"-t-skjorte.  Det var trekning av quiz-vinnarane, og fylgjande stakk av med pallplassane: 
- 8. klasse Vossestrand barne- og ungdomsskule, 3. plass
- 8D Voss ungdomsskule, 2. plass
- 8E Voss ungdomsskule, 1. plass
Dei fekk pengar til fritt bruk i klassen. 

Etter føremiddagsmaten gjekk turen om Raugstad og til Mølstertunet. Takk for ein nydeleg dag med kjekke ungdommar! 

Me vil retta ein stor takk til  Voss Sparebank, Voss Energi, Voss Veksel og Landmandsbank og Sparebanken Vest som har støtta dette arrangementet.  

Skrevet av Margrethe Alm 8. juni 2022