"Kom deg ut-dagen" og "Natt i naturen"

3. september arrangerer me "Kom deg ut-dagen" og "Natt i naturen" ved Rosethytta.
3. september arrangerer me "Kom deg ut-dagen" og "Natt i naturen" ved Rosethytta. Foto: Marius Dalseg Sætre

I samband med markeringa av 100-årsjubileet til Rosethytta arrangerer me "Kom deg ut-dagen" laurdag 3. september. Denne føremiddagen blir det blant anna natursti frå Saga til Roset og leikar ved Rosethytta. 

Hald av datoen - 3. september! Me kjem attende med tidspunkt og meir informasjon om "Kom deg ut-dagen"

Natt i naturen
Same kveld arrangerer me natt i naturen ved Rosethytta. Under #nattinaturen vert heile Noreg invitert til å ta ei natt ute i det fri. Kombinèr begge arrangementa om de ynskjer det, eller kom opp seinare på dagen. 

Me har Rosethytta denne ettermiddagen og kvelden, så me kan leika, eta middag og spela spel, før me kryp inn i telta eller opp i hengekøya for å sova. Er det stjerneklart er det ein ypperleg sjanse til å sove ute under open himmel!

Alle må ha eigen sovepose og liggeunderlag, men dersom du ikkje har telt kan du låne dette hjå Skattkammeret eller av oss. 

Etter frukosten på sundag, går me attende til Gjelle. 

Stor fotokonkurranse
Under #nattinaturen er det ein stor nasjonal fotokonkurranse – vinn telt fra Fjällräven og andre flotte premiar. Del ditt beste bilete frå kvelden på Instagram eller Facebook med emneknaggen #nattinaturen. Les meir her

Foto: Elise Aaslie Maccabe
Klar for fjellturar?
Foto: Margrethe Alm

Skrevet av Margrethe Alm 26. juli 2022