Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

Vassdragseminar  24.-26. august 2017

Hald av denne helga for fantastiske naturopplevingar, brusande elveglede og frisk debatt på arrangementet "Vassdragsvern og flaum - kven har ansvar?"

Naturvernforbundets leder Silje Ask Lundberg kjem, i tillegg til innleiarar frå bl.a. Bjerknessenteret, Uni Research og NVE med fleire. Seminaret avsluttar med ein frisk debatt med både lokal- og stortingspolitikarar.

Sjølve seminaret er 26. august kl 9.00-15.30 i Voss kulturhus.


Torsdag 24. - fredag 25. august

Sykkeltur i Raundalen. 

Felles middag på Mjølfjell Vandrarheim tordag kveld.

Sykkeltur frå Mjølfjell til Voss fredag 25. august

Me syklar saman gjennom den mykje omtala Raundalen. Me triller avgarde frå Mjølfjell Ungdomsherberge og endar opp i Voss sentrum.

Meir informasjon og påmelding her: https://www.vossutferdslag.no/aktiviteter/89901/846634/


Laurdag 26. august

Seminar: Vassdragsvern og flaum – kven har ansvar?

Bli med på spanande føredrag av ekspertar frå aktuelle fagområde, og høyre kva politikarane meiner i debatten. Me vil setje fokus på problemstillingane mellom vassdragsvern og flaum.

Meir informasjon og påmelding her: https://www.vossutferdslag.no/aktiviteter/89900/846633/


Sundag 27. august

vandretur frå Kvanndal til Rong. Bli med på tur på den gamel ferdslevegen mellom Hardanger og Voss. Opplev den ville vakre Kvanndalen og fjellet over til Rong. Eit området som igjen er truga av utbygging. Synnøve Kvamme vert med oss på turen. 

Meir informasjon og påmelidng her: https://www.vossutferdslag.no/aktiviteter/83895/839491/


Overnatting

Treng du overnatting til gunstige prisar?

Fredag - lørdag: Ring Fleischers hotel, 56 520500. Referanse: Vassdragstreff 2017 no 1233703.

Lørdag - søndag: E-post Voss Vandrarheim,booking@vosshostel.com , referanse: Vassdragstreff 2017 no 23694.

Hugs bestilling av overnatting før 15. juli.

Skrevet av Toril Hunnålvatn 6. juni 2017