Fennastølane - Byrseteggi - Såta - Fennastølane

Nøgd turleiar på veg opp frå Svartediket.
Nøgd turleiar på veg opp frå Svartediket. Foto: Siri Flatlandsmo

Det var tett tåke då me køyrde frå Vangen, men me hadde ikkje køyrt langt før me opplevde klar himmel og sol.

7 personar og ein hund deltok på denne turen, den siste søndagsturen i 2019.  

Me gjekk i roleg tempo, og tok fyrste utsiktspausen ved Svartadiket. Der såg me Raundalsryggen, Krakalii m.m. Turen gjekk så til toppen av Byrseteggi (1025m.o.h.) Flott terreng, klar luft og fantastisk utsikt i alle retningar. Her såg me fjella rundt Voss, såg like til Jostedalsbreen, Fresvikbreen, Syrdalsbreen (?) og Folgefonna. 

Me tok oss gode pausar i finværet, både matpausar og utsiktspausar. Me hadde og med oss biolg, så det vart litt plantekunnskap på kjøpet. 

Alle ynskte bortom Såta (933m.o.h.) på tilbakevegen. Der er det flott utsikt over Vangen, områda rundt m.m. 

Takk til alle som var med på tur! Ein ekstra takk til Siri Flatlandsmo, ny dagelg leiar i Voss Utferdslag, som og var med oss på turen! 

Kari Johanna Soldal 

Skrevet av Siri Flatlandsmo 6. oktober 2019