Lågterskeltur til Røyrlidi

Røyrlidi.
Røyrlidi. Foto: Oddvar Drevsjø

Voss Sogelag og Voss Utferdslag hadde lågterskel tur til Røyrlidi. 23 personar som tok turen ut denne fine haustdagen, til dei seks bygningane på garden.

Erling Røyrlien fortalde om garden frå 1900, fram til i dag. Me fekk omvising i den gamle smia som tidlegare hadde stått inntil huset på garden. Me var i løa og her fekk sjå mykje gamle bruksgjenstandar, ei flott slede, river med tretindar, og mykje anna fint. Me var også inne og fekk sjå i bustadhuset. Etterpå fekk me servert lappar og kaffii.

Me takkar Erling og Brita med familien for ein trivelig dag i Røyrlidi.

Sjå fleire foto på Facebook her

Skrevet av Siri Flatlandsmo 5. oktober 2019