Veskre - Tinden

Seniortur Veskre-Tinden.
Seniortur Veskre-Tinden. Foto: Geir Henrik Styve

Det var kome ein del snø i fjellet dagane før turen, og lufttemperaturen hadde sige mot 0°C. Men vêret forandrar seg fort i desse dagar.

Onsdag morgon var det lettskya, med blå himmel. Fleire vart nok freista å ta fram fjellskoa, sekk med mat og drikke. 

Til klokka var ti møtte det 20 personer som ville til fjells. Med Veskrestølen som utgangspunkt, gjekk turen vidare til Hanselavatnet. Det er sælebot å kome seg ut i frisk luft i fjellet. At me kan bruka føtene å koma seg fram i den flotte naturen me har, er ikkje noko som er sjølvsagt. Me fylgde stølsvegen mot Helgaset, og ved Brøpitlaleite tok me til venstre og tok sikte mot Tinden. Kosestunda ved toppvarden (982m) vart ikkje slik me hadde håpa på. Den kalde nordavinden minna oss på at vinteren er kjømda.

Etter ein kort pause med påfyll av mat og drikke, tok me fatt på heimvegen på høgdedraget mot Hanselavatnet. Ein liten stopp på kanten før nedstigninga til Hanselavetnet for å nyte den flotte naturen rundt oss. Eit lite rypekull flaug ut, me var ikkje åleine! Nede ved vatnet og etter nokre våte myrområde var me no komne inn att på stølsvegen mot Veskre, og fylgde denne tilbake til bilane. Ei flott oppleving, og for fleire eit nytt turterreng, noko som dei blide andleta kunne tyda på. Takk for turen til alle som var med!

Helsing turleiarane
Bjørn Grande og Geir Henrik Styve

Sjå fleire foto her (Facebook).

Skrevet av Siri Flatlandsmo 18. september 2019