Horgadalen

Foto: Stein Bjarte Een

På laurdag var eg så heldig å få vere med på ein tur som Utferdslaget berre har hatt éin gong før: Opp på Lønahorgi, via Horgadalen.

Vi starta turen på Een, og vi gjekk fyrst opp på Svartaberget på godt merka sti. Då vi kom opp dit då letta tåka, og vi fekk eit flott utsyn nedenover Skulestadmo og over Vossafjell. No var vi heilt inn under berget, og her var det vanskeleg å forestille seg kor ein skulle gå. Då er det viktig å ha lokalkjende turleiarar, og vi var så heldige at brørne Stein Bjarte og Arild Een leia turen. Her har dei vore mykje i oppveksten, og her er dei godt kjende. Dei losa oss trygt opp over fjellhyller, gjennom skar, rundt ein foss, etc, og alle 12 kom seg trygt opp på Lønahorgi. Då var 1300 høgdemeter unnagjort, og vi byrja å kjenne det i leggar og lår. Returen gjekk bratt ned att til Een via Klondyke. Mange følte meistring denne dagen, og stemninga var høg då vi kom ned att til bilane.

Takk for ein uturleg flott tur!

Bodil Atterås

Skrevet av Siri Flatlandsmo 7. september 2019