Sundagstur til Fyrjaskaret

Foto: Anne Tveite

Sola prøvde sola hardt å kome gjennom skylaget, men det klarde ho diverre aldri.

Vi var 18 personar som sette avgarde frå Ospehaugen på sundag. Vi gjekk i jamnt og trutt tempo opp til Fyrjo, der vi hadde matpause. Det hadde kom nysnø, og det var minusgrader. Supert skivær.

Frå Fyrjo tråkla vi oss opp til Fyrjaskaret. Vêret var klart, og vi fekk eit flott utsyn over Vossafjell. Frå Fyrjaskaret og ned til Jonstølen fekk vi ei super nedkøyring. Vi koste oss nedover, og ekstra kjekt vart det då vi kom ned i skogen. Turen ned att til Ospehaugen vart reine sjarmøretappen. Takk for turen!

Helsing turleiar
Bodil Atterås

Skrevet av Siri Flatlandsmo 19. januar 2020