Kom deg ut-suksess på Hangurstoppen

SNØHOLELEIK: Borna kosa seg i ei snørik skråning. Spøesmålet er om dei fann troll inne i snøholene?
SNØHOLELEIK: Borna kosa seg i ei snørik skråning. Spøesmålet er om dei fann troll inne i snøholene? Foto: Bjarne Fosse

For fyrste gong i historia la Voss Utferdslag Kom deg ut-dagen til Hangurstoppen i Voss Resort. 

Mellom 200 og 300 menneske var innom campen til Voss Utferdslag på ei flate ved Hangustoppen sundag. På ein av dei finaste vinterdagane så langt i år, stelte Borna sitt turlag og resten av utferdslaget i stand reine folkefesten eit steinkast frå  barnebakken til Voss Resort.

Arrangementet har vanlegvis vorte halde i Dyrvedalen, men i år var det ikkje nok snø der.

Med kort veg til Voss Gondol, var det enkel tilkomst for dei fleste. Nokon tok til og med barnevogner md seg ned til lavvoane og bålpannene! Alle deltakarar fekk rabatt på gondlen, og Voss Utferdslag sponsa barnebillettane. Tanken var å gjera dørstokkmila så låg som mogleg for barnefamiliar, for at så mange som mogleg skulle koma seg ut i finvêret.

Maskoten Turbo var på plass, og alle kunne forsyna seg av både kaker, kaffi, vaflar og saft. Voss Utferdslag er godt nøgde med dagen, og har fått hyggelege tilbakemeldingar frå deltakarar. Som styreleiar Ingebjørg Winjum sa til avisa Hordaland:

– Det har vore ein veldig fin dag med mange glade folk. Også er me veldig glade for eit godt samarbeid med Voss Gondol som gav billigare prisar til dei som ynskte å ta gondolen opp i dag.

Les heile saka i avisa her.

Fekk du ikkje blitt med på sundag? Fortvil ikkje - me har éin Kom deg ut-dag til i 2020! Hald av datoen 6. september, og følg med for oppdatert informasjon på arrangementet på Facebook.

Skrevet av Siri Flatlandsmo 2. februar 2020