Til Bergsbukken i finvêret

Bergsbukken 23. februar 2020.
Bergsbukken 23. februar 2020. Foto: Audun Hellevang

Endeleg, etter mange gråe og våte dagar, så skin det opp og me får ein fantastisk dag i fjellet.

Sundag 23. februar møtte sprudlane turgåarar opp på Holbergsplassen og køyrde forventningsfulle til Berge i Bergsdalen. Det hadde kome mykje snø i det siste, men føre var forbausande bra og det var lett å gå.

Det var bratt stigning opp frå Bergsvatnet forbi Krossaknausen og så vidare i lett terreng inn Skarvadalen og over Skarvavatnet. Her tok me ein kort pause og venta på god sikt før me tok i veg i bratt stigning opp mot Liabukken. Herfrå kunne me sjå ned på Høgabu turlagshytte. I fin stil kom alle seg opp på Bergsbukken.

Det blæs litt på toppen så me køyrde eit fantastisk renne ned til Oddmundsvatnet og tok turens hovedpause i solskin ved osen av vatnet. Siste del av turen gjekk ned gjennom Oddmundsdalen i eit spanande skogsterreng og mykje nysnø. Ein strålande tur, fint føre, godt ver og trivlegt turfølgje gjorde dagen fantastisk.

No er det berre å gle seg til neste tur!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 24. februar 2020