Suksess med kvardagstur i Dyrvedalen

Kvardagstur mot Tonnasetvarden i Dyrvedalen, 3. mars 2020.
Kvardagstur mot Tonnasetvarden i Dyrvedalen, 3. mars 2020. Foto: Vår Solholm

Kvadagstur #1 blei ein kjekk tur, både med tanke på folk og føre.

Tysdag 3. mars gjekk startsskotet for DNT Fjellsport Voss si nye satsing Kvardagsturen

Sju turklare møtte med randoutstyr på parkeringsplassen i Dyrvedalen klokka 18. Etter ein liten prat om tempo og skredsøkarar, bestemte me oss for å gå saman opp. På fyrste del av turen fekk me testa nattesynet, for me tok ikkje på lyktene før det ble veldig mørkt.

I nedste del var snøen noko våt. Stemninga i gruppa var positiv både oppover og nedover. Me skulle eigentlig gå opp til Tonnasetvarden, men stoppa litt før på grunn av mykje vind og litt lite energi. På Fjellsportgruppa hadde med Kvikk lunsj til alle på toppen. Dette slo an! 

Då me køyrde ned att hadde den våte snøen frosse, men me fekk pudder og artig køyring i øvste delen. Det var skikkeleg fint å køyre ned att i skogsterreng. Nedfarten blei leiken, med både morosamme svingar og små hopp.

No gler me oss til fleire turar!

Styret i DNT Fjellsport Voss