Seniorturane er i gang!

Seniortur frå Herresleitet til Otledalen, 4. mars 2020.
Seniortur frå Herresleitet til Otledalen, 4. mars 2020. Foto: Tove Fadnes

Onsdag 4. mars gjekk den fyrste seniorturen i 2020 av stabelen. Turen gjekk til Otledalen.

Vi var åtte personar, inkludert turleiarane, som la i veg frå Herresleitet. Løypa var fin og nypreparert. Vi gjekk innover før vi tok skogsløypa vidare mot stølsvegen til Otledalen. Også her var løypa oppkøyrd. Det var greitt å gå, men litt klabbeføre. Så det vart ein del skraping og smøring for dei som ikkje hadde feller eller smørefrie ski.

Vi gjekk eit stykke innover i dalen, forbi stølane, for ein god matpause. Vi returnerte same vegen, ned til turløypa, som vi følgde attende til bilane. Fin og grei tur, trass i litt vanskeleg føre.

Helsing Tove D. Fadnes