Seniortur til Fyrjo, 11. mars

Kvitno - Fyrjo - Reinstjørndalen
Kvitno - Fyrjo - Reinstjørndalen Foto: Geir Henrik Styve

Værmeldinga for dagen var heller dorleg og onsdagsmorgonen var heller ikkje serleg innbydande for skitur.

Trass dette var det 6 personar som møtte fram og med oss to turleiarar vart me 8 som køyrde til Kvitno i Raundalen og parkerte på Ospehaugen. Etter klargjering av ski og utstyr (feller, smyrjing og o.l.) la me i veg innover dalen. Med lett snøing og vindstille gjekk turen innover veldigt bra og med skuterspor, som var 1-2 dagar gamalt, var det godt å gå i den nysnøen som var komen om natta. Men dette sporet gjekk ikkje lengre en til Gudmundset, så vidare innover vart det mykje tyngre snø å trakka spor i. Men med byte på den som gjekk fyrst kom me etter ca 2 timar fram til Fyrjo. I ein liten periode kom til og med sola fram og med skogen dekka med nysnø, skape dette reine "jolastemninga" På Fyrjo fann me oss ei god "hola" i le av eit sel og tok ein god matpause. Ette den oppsette planen for turen skulle den gå opp til Reinstjørnedalen, men utan diskusjon vart de bestemt at det var greitt å snu her på Fyrjo. Turen gav oss ellers ei påminning om kor skiftande være kan vera og kor for dettte skjer. Når me starta på heimturen etter matpausen kom det ei kraftig snøbyge og til dels krafing vind rett i mot og med dorleg sikt så vart fyrste delen av heimturen noko "frisk" (fordel – lite myggplaga!) men etter kvart som me kom lengre nedover stilna vinden og det slutta å snø. Vel ned på parkeringsplassen var alle samde om at turen hadde vore vellukka. Turleiarane vil takk dei som møtte fram og gjorde at turen vart gjenomført!

​​​​​​​Arne Hauso

Skrevet av Siri Flatlandsmo 16. mars 2020