Fredheim - Bordalsgjelet

Første seniortur i vår, etter koronapausen.
Første seniortur i vår, etter koronapausen. Foto: Oddvar Drevsjø

Me var 16 som møtte opp på Fredheim i dag, turen vart litt annleis enn det turane vanlegvis vert gjennomførte.

Me delte oss inn i 5 i kvar gruppe. Avstanden mellom kvar skulle vera 2 meter, og gruppene skulle halda ein viss avstant til kvarandre på grunn av smittefare av Covid 19-viruset (Korona).

Me gjekk opp gamle Bordalsvegen, og vidare forbi gardane på Nyre, forbi gardane på Gjernes og bort til Bordalsgjelet. Her gjekk me inn i gjelet gruppevis. Vidare gjekk me ned i Gjernesmoen, forbi renseanlegget og ned Russarvegen til Tintrabrua. Me gjekk over brua, vidare opp langs Vosso på vestsida.

Alle var einige at det hadde vore ein fin tur.

Oddvar Drevsjø


På turen fulgde me nye retningsliner, som har kome som fylgje av koronaviruset

Les òg: